tirsdag 13. august 2013

Haustsesong-start i Arna

Mandag kveld var det seriestemne i Arna og det innleia for mange av oss også haustsesongen: Det minna oss på tribunen på det flotte anlegget i Indre Arna at me må ta til å kle oss betre, at sommaren (definitivt?) er over og at det er like før lauvet skal ta til å svinga seg i lufta.

Når det er sagt: forholda blei brukande for opptil fleire av øvingane, i alle fall etter kvart som det verste regnet gav seg.

3000-meteren gav ein årsbeste og ein personleg rekord: Andreas Iden (G18) sprang eit godt gjennomført løp og kom i seg mål på 9:04,23 - som er årsbeste med sju sekund og berre fem sekund bak persen frå i fjor. Løpet er verdt 961 tyrvingpoeng. Espen Roll Karlsen sprang saman med Andreas det meste av løpet (sjølv om det var Andreas som var den som drog) og Espen persa til 9:01,73.

På 800-meteren sprang Ole Martin Røssland (G18) raskare enn nokon gong, då han persa med halvtanna sekund til 2:04,38 (840 poeng). 600 meter blei passert fem sekund under persen på den distansen...

Litt varsamare persing blei det på Stian Norheim (G17), men pers er pers: 2:09.18 (789 poeng) er den nye 800-meter bestetida på for Stian.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar