tirsdag 13. august 2013

Moss og Finland

La det vera sagt med ein gong: Denne seinsommaren og hausten blir det ein del sentrale helger slik at eg finn meg sjølv på stader utanfor folkeskikken - det vil seia utan internett, ja for eit par tilfelle også utan innlagt straum og vatn.

Helga som var fanst det både straum og vatn. Og det fanst internett, lånt frå naboen, i ein krok i stova, sjølv om sambandet berre varde eitt minutt om gongen kvart tiande minutt, eller slik.

Seinare blir det verre.

Difor blir det oppsamlingsheat, slik innimellom.

Heldigvis var det etter måten roleg sist helg. Komande helg, då me er lova regn i bøtter og spann uansett kor me bevegar oss, så blir det både leikar på Stord og på Bislett, i tillegg til at no heile 3 BFG-utøvarar skal representera Norge under Nordisk juniormeisterskap i Finland. Den siste, Renate Lie, fekk plass mandag. Ho skal springa 400 meter indiviudelt og stafett

Elles var det Emil Engelsen Holm (G16) som markerte seg helga som var, med knepne persar på 100 meter og 200 meter i Moss. Pers er pers: På 100 meter er den no på 11,93 (960 poeng) og på 200 meter 23,94 (962 poeng). Ifølgje Tyrvingtabellen er det altså svært jamgode prestasjonar på dei to sprintdistansane for Emil.

Så var det ein del ungdommar som mandagskvelden var i Arna og sprang. Der kom det både persar og årsbeste. Meir om det følgjer når resultatlista ligg føre offisielt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar