torsdag 29. august 2013

Før UM - 2. bolken

Amund Høie Sjursen (G17) er påmeldt UM-øvingar. I skrivande stund har eg ikkje kjennskap til om han stiller, så her får eg korrigera undervegs dersom det skulle koma nye opplysningar! Ein skadefri Amund ville ha vore ein trygg medaljeplukkar for Gneist.


Etter den klargjeringa (?) kjem litt Henrik Almenningen-ekstra:

I spyd, gutar 16  er det heile 14 påmelde - ganske bra til å vera kastøving. Henrik er her rangert oppe på 6. plass. Favoritt er Jarl Bernhard Bjørklund (Halden), med Sigurd Leikanger Feidje (Florø) og Thomas Mardal (Sandane) bak der.

I tresteg, gutar 16 er Henrik rangert heilt oppe på 2. plass av dei smålåtne 5 påmelde. Her er Erik Lund (Brandbu) storfavoritt, medan Markus Nikolai Berner (Tyrving) er rangert bak Henrik.

Til sist i denne Henrik-passasjen til lengde, gutar 16, der Henrik plukka med seg medalje i inne-UM i Steinkjer. Også her er Erik  Lund klar favoritt, med Thomas Mardal (multitalent) og Odin Hallquist (Koll) nærmast. Henrik er ein av mange utfordrarar til medaljeplass.

Stian Norheim har nok større voner til andre øvingar neste helg, men han er no påmeldt 800 meter, gutar 17 også. Her er han rangert som nr. 24 av 26, men ytterlegare pynting på persen kan vera eit naturleg mål. Klassen er knalltøff på distansen. Edvard Kamperud Nygaard (Tjalve), Mathias Berntzen Engevik (Nittedal) og Sigurd Blom Breivik (Sandvin) er berre tre av fleire namn som kan ta medalje.

På same distanse - 800 meter - for gutar 16 er det også ein frå Gneist på startlista, nemleg Jens Larsen Åstveit. Jens er ein flott kombinasjon av triatlet og sprintar, så 800 meter burde vera ein fin distanse for han. Han er rangert som nr. 12 av 23 på førehand. Markus Einan (Ullensaker/Kisa) var heilt nede på 1:55 på forsommaren, men Joakim Gustavsen (Dimna) har vore nærare deretter. Også Andreas Wathne (Skjalg) og formsterke Marius-Emil Salvanes (Åkra) må nemnast.

Til sist i dag til to jenter 15-øvingar. På 2000 meter er det brukbare 12 namn på startlista. Linn Seliussen er rangert som nr. 7. På papiret ser det ut til å bli ein tøff kamp mellom Mari Nordlunde (Lillehammer) og Mathilde Myhrvold (Raufoss), med Else Bratteland (Sørild) som bronsefavoritt.

800 meter, jenter 15 er det 19 namn på startlista. Her er Renate Lie Gneist-håpet og Renate er sterk utfordrar til medalje. Men her er Mathilde Myhrvold (Raufoss) stor favoritt. Ho var heilt nede på 2:08 i finalen i senior-NM sist helg. Også Mari Drabløs (Tyrving) og Marianne Aske (Skjalg) blir tøffe imot for Renate sine medaljeaspirasjonar.

Medaljetips-status etter bolk 2 - forsøksvis konservativt: 

2 1 0

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar