lørdag 24. august 2013

Bronse i vikingbyen (NM dag 2)

Det er stil over medaljeseremonien i Norges eldste by. Den skjer nede ved hamna, der det er store fakter av flinke vestfoldingar i full vikingmundur, og jammen blir ikkje utøvarane på pallen utstyrt i ein slags kapper dei og.

Lørdagskvelden var det Anna Serine Røssland som fekk gleda over å vera eitt av midtpunkta i denne festivitasen, då ho mottok bronsen sin for 3000 meter hinder-løpet i Greveskogen Idrettspark tidlegare på dagen. Medalje er alltid gjævt, sjølv om konkurransen ikkje var stor, akkurat. Viktigare var det at tida, 11:35,57, var ein meir enn akseptabel debut. Det er ny klubbrekord i Gneist, J15 (ledig), det er også ny klubbrekord i BFG, der den gamle var på 11.52, sett av Helene Strømblad Hansen som 16-åring. Dermed sletta Anna Serine også Helene sin kretsaldersrekord i øvinga.

Martine Eikemo Borge sprang overbevisande i sitt forsøksheat på 800 meter og er klar for finalen søndag som ein soleklar medaljekandidat.

Monika Benserud blei 8. best i lengdekvalifiseringa, med eit hopp på 5,47, og er med det også ho klar for finalen søndag.

Elise Una Mikkelsen kom seg til semifinalen på 100 meter - og fekk den noko tvilsame gleda av å springa saman med norgesmester Ezinne Okparaebo både i forsøket og i semifinalen - det gjekk rett og slett for fort.

Vilde Lund Bjørnsen sprang inn til årsbeste i godkjende vindforhold i forsøket på 100 meter. Tid: 12,90 (952 poeng).

*

Og i Stockholm hoppa Håvard Rinde (G12) 1,37 og sette ny pers med det (909 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar