søndag 4. august 2013

(Kor er) vinsjan på kaia (Overhalla dag 2)

Når samtalen under middagen her i Namsos lørdag kveld dreidde seg om kor i all verda vinsjane  på kaien finst hen, så kunne ein tru at friidretten i nabokommunen Overhalla dag 2 av junior-NM var av den kvaliteten at ein helst ville gløyma den.

Så feil kan ein ta.

Monika Benserud klarte ikkje berre det kunststykket å bli junior-norgesmeister i tresteg for andre året på rad. Ho klarte med det også kunststykket å kopiera begge hopp-resultata frå Sigdal i fjor: bronse i lengde, gull i tresteg. Ho klarte også det kunststykket å ha alle dei seks lengste hoppa i konkurransen. Så her var det overbevisande - og eit par hakk meir overbevisande enn fjorårsgullet.

Renate Lie tok medalje nr. 3 i BFG-samlinga. (Vel, eigentleg var det medalje nr. 2, den kom før i tid enn Monika sin.) Det er ein svært sterk prestasjon av førsteårsjunioren. Renate vann bronse på 400 meter med finaletida 58,15.

Det var habile prestasjonar også elles, med gode 1500 meter-løp av både Eline Myking, Espen Roll Karlsen og - ikkje minst - Erlend Gjerdevik Sørtveit, som pynta på persen til 4:05,20 og blei nr. 8 i finalen på det.

Og så var det stang ut for Vilde Lund Bjørnsen, som var fattige to hundredelar frå å nå søndagens finale på 200 meter, men her det ein ny sjanse på den avsluttande stafetten over 1000 meter søndag ettermiddag.

Sjølv om det var litt for mykje medvind, så var det no irriterande likevel med 5,99 for Sondre Rinde i lengde. Solid innsats var det også for Sondre i debuten på 110 meter hekk, der det blei solide 16,77.

... Men, altså, kor er no desse vinsjane hen?...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar