mandag 26. august 2013

Gneistspelen dag 2 (altså søndag)

Då skal me ta Gneistspelen i hamn også frå statistikarhald, men først UTANRIKS:

Sondre Rinde (G15) var - saman med eit par andre Rinde-ar - i Stockholm i helga. Og endeleg blei det god klaff i lengde! 6,03 (+1,7) er dermed første 6 meters-hoppet for Sondre (976 poeng). Og då må eg nesten minna om dei seks fattige centimetrane opp til Per Liland sin 50 (!) år gamle klubbrekord i G15 i øvinga...

Så HEIM IGJEN:

Herman Ellingsen blei ønskt velkommen i 1000 poengs-klubben lørdag. Søndag var det 10-åringen Emma A. Voldsund sin tur. Med heile 40,10 i liten ball scora ho 1021 poeng!

Emil Engelsen Holm (G16) følgde opp sitt flotte 100 meter-løp frå lørdag, då han flytta persen på 200 meter heilt ned til 23,57 (994 poeng). Emil er dermed også kvalifisert for junior-NM i Fredrikstad neste sommar!

Pål Haugen Lillefosse (G12) persa med éin centimenter i lengde, til 4,88 (986 poeng), og dermed er han også éin centimeter frå Jim Erik Liland sin 29 år gamle klubbrekord...

Det blei sesongbeste for Stian Øvergaard Aarvik (G16) på 1500 meter, med 4:16,49 (968 poeng).

Herman Ellingsen (G11) pynta på 200m-persen sin, til 29,92 (938 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) sprang 200 meter heilt ned på 26,81 (931 poeng).

Henrik Nesheim (G10) hoppa 1,15 i høgde (895 poeng).

Silje Stenersen (J13) var denne gongen å finna i lengdegropa. Her blei det 4,40 (874 poeng).

Stian Norheim (G17) betra seg med tre hundredelar på 1500 meter, til 4:23,97 ("pers er pers") (874 poeng).

Vegard Albrigtsen (G15) sprang 1500 meter på 4:38,96 (867 poeng)...

... og Trym Andresen (G15) følgde opp på same distansen med 4:40,51 (856 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar