mandag 26. august 2013

Gneistspelen dag 1 (altså lørdag)

Det er noko hakkande gale i dette: Eg tenker ikkje på at ikkje eg sjølv var til stades under årets Gneistspelen, men eg tenker på meldingane om strålande sol og skikkeleg sommarver! Gneistspelen skal jo vera eitt av dei sikraste teikna på at hausten er komen, men helga som var skurra det heilt...

Deltakinga under Gneistspelen var elles svært hyggeleg i dei yngste klassane.

Vel, vel, resultatlistene er i ferd med å bli fortæra. Her er gjennomgangen av dag 1:

Ein av dei meir legendariske klubbrekordane i Gneist blei sett av Håvard Hasås på 600 meter i G15-klassen tilbake i 2002. Då sprang Håvard på 1:24,99. Lørdag sprang så Henrik Irgens Gravdal (G15) på sterke 1:25,40 (1080 poeng) - ikkje langt unna...

I serien av like bak strålande klubbrekordar på 600 meter finst også Kristoffer Blücher (G14), som var like bak nettopp Henrik Gravdal sin rekord i G14. Kristoffer sprang på 1:28,23 (1072 poeng), medan Henrik si tid er 1:27,72.

Klubbrekord blei det i alle fall på Renate Lie (J15), som sjølv hadde den gamle, då ho sprang på 1:37,66 på 600 meter (1020 poeng).

Velkommen i 1000 poengs-klubben til Herman Ellingsen (G11)! Han oppnådde 1014 poeng for sitt hopp på 1,40 i høgde. Strålande!

Etter litt småpynting på persen i eit par rundar no i haust, blei det litt meir dreis på det for Emil Engelsen Holm (G16), då han sprang på 11,78 på 100 meter (986 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) støtte kula 12,99 meter (969 poeng).

Emma A. Voldsund (J10) persa heilt til 3,86 i lengde (949 poeng).

Tobias Allers-Hansen (G10) hoppa 3,69 i lengde (908 poeng) og sprang 60-meteren på 9,82 (832 poeng).

Una Haukanes (J10) hoppa 3,64 i lengde (903 poeng), og ho oppnådde 846 poeng for sitt 60 meter-løp på 9,82.

Henrik Nesheim (G10) hoppa 3,62 i lengde (894 poeng).

Emma Dahl Sørbo (J10) hoppa 3,49 i lengde (871 poeng), medan det i kule blei 4,79 (840 poeng).

Charlotte Harris (J13) støtte 8,98 i kule (866 poeng)

André Seliussen (G12) sprang på 1:45,20 på 600 meter (838 poeng).

Espen Bjørndal (G13) var litt unna det han oppnådde innomhus i vinter,men hoppa i alle fall 1,35 i høgde (818 poeng).

Stian Norheim (G17) er altså mellom milslukarane som først og fremst er blitt noko raskare dette året. På 600 meter er bestetida til Stian no nede på 1:31,46 (806 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar