mandag 26. august 2013

God avslutning gull verdt (NM dag 3)

Medaljefangsten i NM var for BFG den svakaste sidan 2009 (sjå oversikten nedst). Bak desse tala gøymer det seg ei rekkje fine prestasjonar, årsbeste og finaleplasseringar. Når me i tillegg veit at troppen på sju i alle fall mangla tre utøvarar og at klubben satsar harst på å auka NM-kontingenten, ja så må prestasjonane totalt sett sjåast på som plattformen for satsinga dei komande åra.

Den andre medaljen blei også ein bronse, men som det aller siste som skjedde av idrettsleg aktivitet på sommarlege Greveskogen, så var den likevel gull verdt. Jentene vann bronse på ein flott måte på 1000 meter stafett og skaffa med det eit solid og inspirerande utgangspunkt for vegen vidare: Her er det stort og godt potensial i tida framover! Laget var Elise Una Mikkelsen (1. etappe, 100 meter), Monika Benserud (2. etappe, 200 meter), Vilde Lund Bjørnsen (3. etappe, 300 meter) og Martine Eikemo Borge (4. etappe, 400 meter). Tida blei fine 2:13,29.

Martine Eikemo Borge var på mange måtar uheldig som "berre" blei nr. 4 på 800-meteren: Dette var kan henda det sterkaste 800-meterfeltet av norske kvinner nokon gong. Dei tre medaljevinnarane persa alle solid, med imponerande gode tider. Martine var med 2:06,30 berre 18 hundredelar bak årsbeste utandørs, så her handla det vel så mykje om konkurrentanes imponerande innsats og formtopping. På den absolutt positive sida er det at no heimvende Martine får solid konkurranse på norsk jord i tida framover.

Monika Benserud, med 10. plass i kvalifiseringa i lengde lørdag, klarte å koma seg vidare til alle dei seks omgangane søndag og hamna på ein fin 8. plass. Lengda, 5,50, er tett bak årsbeste for Monika.

Dermed blei det to bronsar, 4. plass, 5. plass, 6. plass, 7. plass og 8. plass. Og at her er ytterlegare potensial vil sannsynlegvis UM på Lillehammer om knappe to veker visa. No gjeld det "berre" å evna forvaltninga av potensialet.


MEDALJEFANGST I HOVUD-NM 2003-2013

GULL
SØLV
BRONSE
2003

1
1
2004

1
1
2005


1
2006
2


2007
1
1

2008



2009



2010
1
1
1
2011
1
3

2012
1
2

2013


2



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar