lørdag 31. august 2013

Kretskampen - dag 1

I førehandsblogginnlegget til regionsleikane (eller "kretskampen") på Osterøy i helga, så blei både den førre og den noverande sponsoren grundig presentert.

Heretter held eg meg til "kretskamp" (i nauda "regionsleikar") om det som går føre seg oppe i lia frå Lonevågen denne helga.

Det er altså 13- og 14-åringar frå til saman fem fylke som er i sving.

Kristoffer Blücher (G14) sprang ein ny glitrande 200 meter, og han er no heilt nede på 24,11 (1058 poeng). Med det betra Kristoffer eigen klubbrekord med 12 hundredelar.

Betring av eigen klubbrekord blei det også på Anna Evensen (13), då ho sprang tida si ned med to hundredelar på favorittøvinga, 60 meter hekk. Den nye bestetida - og klubbrekorden - er på 9,83 (1051 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) sletta ikkje eigen klubbrekord. Han slo i staden Thor Kubon sin 26 år gamle G13-rekord med 3 kilos-kule, då han støtte 13,62 meter lørdag (1003 poeng)!

Silje Stenersen (J13) tok 2. plass på 600 meter med ei tid som førebels står som "1:43,5m" i resultatlista. Uansett kva for eit hundredel som blir lagt til hos Silje til slutt, så er det fin ny pers (og sånn om lag 960 poeng).

Sanne Myrmel (J14) betra seg monaleg på 60 meter hekk, først i forsøket og så på nytt i finalen. Til slutt blei det 10,42 (863 poeng) på Sanne.

Smålåten forbetring blei det også på Espen Bjørndal på hans korthekk-løp. Tida blei 10,58 - eitt hundredel betre enn gamlepersen... (844 poeng).

Kretskampen held fram søndag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar