onsdag 28. august 2013

Før UM - 1. bolken

Med så mange startar som Gneist har tilmeldt til årets UM på Lillehammer er det på høg tid å setja i gang med gjennomgangen av førehandsvurderingane.

No er det truleg slik at ein del har vore i overkant ivrige med påmeldingane og truleg kuttar eit par øvingar når det nærmar seg, men her i Bloggen får me lata som ingenting i forhold til det. Me håpar også at skadar og sjukdom held seg unna, slik at gjengen kan prestera slik dei skal og har trent for.

Først ut i dag er 100 meter, jenter 18/19. Her er det 22 påmelde og det er først og fremst våre venner i Bjarg som er våre fremste håp, der Elise Una Mikkelsen er rangert som nr. 4 og Sara Berrefjord som nr. 6. Frå Gneist er Marianne Benserud påmeldt øvinga. 100 meter er ikkje lengre ei vanleg øving for Marianne i konkurransar, og eit primært mål må vera å pynta på persen - som vel er frå fjoråret. Favoritt er ei anna Bjarg-jente - no i Gular - Christine Bjelland Jensen, framfor Guro Forbord Anderssen (Kristiansand) og Sigrid Semmingsen (BUL-Tromsø).

100 meter, jenter 17 er det Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen som er påmeldt. Her det mange gode med, men Monika er rangert heilt oppe på 4. plass, med Vilde på 9. Naomi van den Broeck (Hovding) er favoritt, med Marianne Evensen (Ranheim) og Vilde Gjesbakk (Rana) bak der. 19 utøvarar er påmeldt.

På den doble distansen, 200 meter, jenter 17, er det dei same to - Monika og Vilde - som er våre representantar. Monika sprang ein særs god 200 meter-etappe under stafetten i NM sist helg, noko som etter litt synsing rangerer henne som nr. 11 av dei 21 på startlista. Vilde blir plassert like framfor der, på 9. plass. Også her er Naomi van den Broeck favoritt, framfor Mari Forbord Anderssen (Kristiansand) og Hannah Marie Skjeret (Ørsta).

Dei to siste øvingane i dag er for UM-debutantane i 15års-klassen - og det på gutesida. På 800-meteren  er det 22 påmeldt og Henrik Irgens Gravdal er favoritten. Her er Thomas Jefferson Byrkjeland (Tjalve), Simen Skarland (Overhalla) og Jon Rolf Skamo Hope (Hyen) utfordrarane. Vegard Albrigtsen er rangert som nr. 16 på 800 meter.

Dei same to - Henrik og Vegard - er også deltakarane på 2000 meter neste søndag. Også her er det god deltaking, med 21 namn på startlista. Og også her er Henrik favoritten, men her vil Jon Rolf Skamo Hope normalt gi kamp heilt til døra. Thomas Jefferson Byrkjeland er medaljekandidat også her, medan Vegard er rangert på 12. plass.

Etter første bolken er såleis tipset kome til 2 gull...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar