fredag 2. august 2013

Lyspunkt og varmestove - Overhalla dag 1 (Rai, Rai)

Medan heller labre vermeldingar tikkar inn frå heimbyen, så smeltar me i den nord-trønderske varmen her i Namsos og Overhalla: Namsos bur me i, Overhalla der blir det konkurrert i junior-friidrettsk på harde livet.

I dag snakka me om 26-27 grader, lørdag trugar ein med 29-30 grader.

Og lyspunkta?

I fjor stod BFG med 1 medalje etter første dag av junior-NM i Sigdal. Den vann Monika Benserud i lengde. Ho hoppa 5,53 (rettnok i for mykje medvind). I dag tok ho bronse i lengde med 5,54 (i godkjent vind)! Dermed slo Monika an tonen på same viset som i fjor. Då enda ein med 8 medaljar totalt... Eg meiner framleis det er (alt) for optimistisk for årets fangst, men det er lov å håpa på overraskingar i varmen lørdag.

Minst overraskande vil det bli om Renate Lie tar med seg ein medalje i junior-NM- debuten. Ho vann sitt forsøksheat på 400 meter i dag på overbevisande måte, tett bak persen (tida blei til slutt 57,86, persen er 57,77). Finalen går altså lørdag ettermiddag.

Så let me oss også begeistra av Erlend Gjerdevik Sørtveit sitt 1500 meter-løp. Han vann like så godt forsøksheatet sitt og kvalifiserte seg til finale med god margin (dei seks beste gjekk til finalen).  (Tida, som er mindre viktig i eit forsøksheat i eit meisterskap, blei 4:09,07).

I tillegg til dette er både Jørgen Austvik (1500 meter, U23) og Thyra Hevrøy og Eline Myking (1500 meter, U20) klare for direkte finale lørdag ettermiddag.

Følg med, følg med.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar