tirsdag 20. august 2013

Før NM (I)

Medan me ventar på at dei skal bli ferdig med alle utrekningar frå dag 3 av Stordleikane, så får me ta ein første titt på BFG-utøvarane til hovud-NM i Tønsberg komande helg.

Det er sju utøvarar som tar turen. Dessverre har den første mannlege kvalifiserte til hovud-NM frå BFG på fleire år, Amund Sjursen, måtta kasta inn handkledet på grunn av skade. Dermed blir det ein rein jentegjeng også i år.

100 meter er det like så godt heile 4 BFG-jenter påmeldt, mellom dei totalt 36 utøvarane på startlista. Kor vidt storfavoritt Ezinne Okparaebo (BUL) stiller, ja det blir spennande å sjå. Det er tre andre jenter (av dei NM-påmelde) under 12 blank i år: Elisabeth Slettum (Skjalg), Mari Gilde Brubak (Malvik) og Astrid Mangen Cederkvist (Vidar), medan Ezinne var på 11,23 i Moskva-VM. Av våre er Monika Benserud høgast rangert (14), følgt av Elise Una Mikkelsen (18), Sara Berrefjord (21) og Vilde Lund Bjørnsen (35).

På den doble distansen - 200 meter - er det to av dei fire frå 100-meteren, Vilde Lund Bjørnsen og Sara Berrefjord, som er BFG-representantane på startlista. Her er Elisabeth Slettum (Skjalg) relativt klar favoritt, med Line Kloster (Vidar) og Christine Bjelland Jensen (Gular) nærmast, basert på årets pretasjonar. Av dei 33 på startlista er Vilde 22. rangert og Sara 26.

I lengde hoppa Monika Benserud godt oppover rangeringa og årsstatistikken etter 5,54 under junior-NM i Overhalla. Ho er no rangert som nr. 10 av dei 27 påmelde i øvinga. Isabelle Pedersen (Norna-Salhus) og Nadia Akpana Assa (BUL) har hoppa nøyaktig like langt i år (6,08), medan Norges beste lengdehoppar, Margrethe Renstrøm (Tjalve), ikkje har resultat så langt i 2013 før ho no er påmeldt NM.

Aller første medaljesjansen finst nok i Monika Benserud si favorittøving, tresteg, der ho vann gull i junior-NM og sølv i Nordisk for juniorar nyleg. Med 12,27 er Monika rangert på 3. plass på førehand, godt bak dei jamngode favorittane Inger Anne Frøysedal (Tjalve) og Chiamaka Okparaebo (BUL). Påmeldt er også den gamle Gneist-jenta Amalie Tefre Skage (Norna-Salhus), som normalt også skal vera ein tøff utfordrar for Monika.

Heilt til slutt i dette innlegget - og heilt til slutt i NM (søndag ettermiddag) - følgjer 1000 meter stafett, der BFG har fine tradisjonar og fleire gode plasseringar. No er to av våre gamle sikre kort på stafetten i staden i Gular-drakt og me må nok venta eit par år før BFG er heilt i toppen igjen. Det er tre etter måten klare favorittar i Vidar, Kristiansand og Gular, medan BFG skal kunna kjempa om å vera best utanom dei som får medalje. Men stafett er stafett...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar