onsdag 28. august 2013

André og Dei gamle

Jada, Dei gamle er no eit litt brautande folkeferd. Dei skal no ha overskriftene, dei då. Det er ikkje fritt for at eg kjenner meg igjen; det blir sjeldnare og sjeldnare me sakleg sett klarer å markera oss, så når me er pittelitt i nærleiken av å gjera det, ja så høyrer me frå oss.

No seiast under Nornakarusellen på Fana Stadion tirsdag kveld. Då var det invitert til veterantreff på 400 meter. Og no er filmen frå løpet alt blitt ein slager på nettet - og den finst her.

Men eg vil no først la ungdommen få sleppa til eg: André Seliussen (G12) er ikkje fullt så brautande, han arbeider jamt og trutt på, litt i bakgrunnen for - nettopp - dei store overskriftene. Men det blir berre betre og betre det André føretar seg - og no er han veldig nær å bli endå eit nytt medlem i 1000 poengs-klubben. (Klubblokala må snart utvidast!) 4:55,33 sprang han på tirsdagskvelden, noko som er verdt 990 poeng og er, altså, endå ein flott ny pers!

Stian Norheim (G17) sprang ein solid 400 meter - og beviste igjen at framgangen i år (så langt?) er størst på kortare distansar. Tida blei 57,58 (756 poeng).

Så, til dei gamle:

Jostein Lie hadde invitert til kamp, og var nett så lite smålåten også i løpet: Tida hans blei 60,84 - veldig godkjent. Pappa Seliussen, Morten, klagar i ettertid over at nokon køyrde han i slow motion på oppløpet. No ja, tida på 62,17 er slett ikkje verst - sjølv om det blei nederlag i duellen med eldstemann Jostein. Også Petter Rasmussen plukka med seg nokre ekstrapoeng i Veterankonkurransen, med tida 69,96.

Det er invitert til nye harde kampar for Dei gamle neste tirsdag, då på 800 meter. Så får me håpa helsa til Dei gamle held, og me får håpa at André og andre ungdommar klarer å kjempa om overskriftene då også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar