torsdag 29. august 2013

Før Peab-leikane

I ein god del år var det bygg- og eigedomsutviklingsselskapet NCC som sponsa regionsleikane i friidrett for 13- og 14-åringar. "NCC-leikane" blei eit vanleg uttrykk i miljøet, for dei av oss som hadde fjortisar eller nesten-fjortisar i vårt nære omland.

Frå og med dette året må me altså venja oss av med heile NCC. Me held oss framleis til byggebuisnessen, no er det Peab - eit entreprenørselskap - som er blitt hovudsponsor for regionsleikane for 13- og 14- åringar, så veit me det.

Vår region omfattar Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder-fylka. Hordaland har vunne kretskonkurransen i ein heil haug med år på rad - sju? Og som vanleg er Gneist tungt inne med representantar mellom Hordaland sine deltakarar.

Her er våre deltakarar på stadion på Hatland ved Lonevågen komande helg:

G13
- Gjert Høie Sjursen (kule, diskos, slegge, spyd)
- Thomas Blücher (200m, 600m, 1500m)
- Espen Bjørndal (60m hekk, 200m hekk, høgde, lengde)


G14
- Kristoffer Blücher (60m, 200m, 600m, 200m hekk)
- Kristian Schjønningsen (80m hekk, 200m hekk, lengde, tresteg)

J13
- Anna Evensen (60m, 60m hekk, 200m hekk, lengde)
- Silje Stenersen (600m, 1500m)
- Charlotte Harris (60m, høgde, lengde, kule)

J14
- Sanne Myrmel (60m hekk, høgde, stav)
- Michelle Floor Heggeland (60m, 200m, lengde)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar