fredag 23. august 2013

5-6-7 (NM dag 1)

Det er absolutt ikkje sommarslutt i sommarbyen Tønsberg. Dei har fått mykje fint til i arrangørstaben her i Vestfold-byen, til og med veret, sjølv om det skrantar på eit par ting: Litt dumt når ein må springa etter bjella (for ringing ved passering éin runde igjen) medan løp pågår, og transport-ordninga frå og til det offsielle NM-hotellet til Greveskogen Idrettspark kunne absolutt vore betre og meir påliteleg.

No ja. Greveskogen er ein flott stad for friidrett denne helga - det er det liten tvil om.

For BFG Bergen har det vore kanskje litt under pari og litt stong ut første dagen:

Monika Benserud hoppa igjen godt i tresteg og smakte på bronsemedaljen undervegs i finalen. Til slutt blei det 12,13 og ein fin 5. plass.

Marianne Benserud hoppa sesongbeste i stav, 3,20 (960 poeng og betring av eigen klubbrekord i J18 i Gneist). Det gav ein 6. plass.

Martine Eikemo Borge håpa på å kjempa om medalje på 400-meteren. Ho sprang kontrollert til finaleplass på føremiddagen, men måtte gi tapt i finalen og sprang inn til ein 7. plass, med tida 55,43.


Lørdag er det 100 meter forsøk på morgonkvisten for opptil fleire jenter, Martine skal ut i 800 mter-forsøk, Monika skal vera med på lengde-kvalifisering og Anna Serine skal debutera på 3000 meter hinder.

Følg med, følg med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar