fredag 9. august 2013

Nordisk

Det sat langt inne, men til sist blei 2 utøvarar frå BFG Bergen tekne ut til Nordisk meisterskap for juniorar i Espoo, Finland, 17. - 18. august.

Den eine, Monika Benserud, var langt frå nokon sensasjon: Ho forsvarte fjorårsgullet i NM for junior i tresteg og er då også på Nordisk-laget i øvinga for andre året på rad.

Andremann er Ole Martin Røssland, som kom inn bakvegen - etter i alle fall eitt forfall - på 3000 meter hinder. Det betyr like så godt debut på distansen for Ole Martin, som vann bronsen i junior-NM på 2000 meter hinder i Overhalla sist søndag.

Internasjonale arbeidsoppgåver gir naturlegvis viktig inspirasjon og motivasjon for vegen vidare, så det er kjekt med 100 % auke i deltakinga frå BFG (i fjor var Monika åleine på tur til svenske Växjö). Og med kunnskap om at i alle fall éin BFG-utøvar (kanskje to) var førsteval bak dei utvalde, så bør det var håp om endå sterkare BFG-delegasjon ved neste høve.

I 2014 er det ein norsk arena som er vertskap for det nordiske møtet - der utøvarar frå Sverige, Danmark, Finland, Island og Norge møtest.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar