fredag 30. august 2013

Før UM - 3. bolken

Me må skunda oss vidare, skal me rekka alle Gneist-startane i UM før det nærmar seg for alvor.

Først ut i dag er 3000 meter, gutar 18/19, der det er heile 4 Gneist-gutar på startlista mellom dei totalt 22. Ingen av dei er i favorittsjiktet og 3000 meter har ikkje vore noko suksess-øving (så langt) i år. Favoritten heiter Erik Udø Pedersen (Holum), medan Jørgen Frost Bø (Ullensaker/Kisa), Magnus Hannevig Pettersen (Sturla) og Tesfagabr Ayahuney (Vadsø) er andre sterke namn. Våre er rangert slik: Erlend Gjerdevik Sørtveit nr. 9, Ole Martin Røssland nr. 10, Andreas Iden nr. 13 og Anders Strømblad Hansen nr. 19.

Så til to øvingar der Monika Benserud er Gneist-representant og klar medaljekandidat. Det er naturlegvis i jenter 17 og det gjeld hoppøvingane lengde og tresteg. I lengde er det 9 påmelde utøvarar og her er det veldig jamnt på førehand mellom fire utøvarar - og Monika er éi av desse. Dei tre andre er Caroline Fleischer (Ski), Sofie Olsholt (Tyrving) og Naomi van den Broeck (Hovding).

I tresteg er det berre påmeldt 6 utøvarar. Til gjengjeld er juniormeister Monika favoritt her, med Julie Gaustad (BUL) og Sofie Olsholt (Tyrving) som utfordrarar.

Lengde, gutar 15 er ei anna øving der det er veldig tett på førehand. Så mange som 5 utøvarar må nemnast i medaljekampen, mellom dei totalt 19 på startlista. Sondre Rinde er absolutt mellom dei - no sist med 6,03 frå Stockholm. Dei andre er Toralv Opsal (Ålesund), Vetle Sørstrand Haugen (Florø), Christopher Lawther (Fana) og Henrik Skulevold (Sandnes).

3000 meter, gutar 16 er det så mange som 25 påmeldt! Av desse er det to Gneist-gutar. Jens Larsen Åstveit er rangert nede på 22. plass, men eg trur Jens har ein god del å gå på på denne distansen. Stian Øvergaard Aarvik var sterkare på bane i innesesongen, men har teke til å visa lovande takter igjen no like før UM. Stian er rangert som nr. 4, like bak medaljefavorittane Tore Dybdahl (Strindheim), Joakim Sødal (Kyrksæterøra) og Lars Lunde (Stord).


Etter 3. bolken er medaljetipset slik: 3 - 3 - 0




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar