tirsdag 1. mai 2012

Mykje bra på Ask

Ja, det var ikkje berre veret som var strålande på Ask under årets Ask-stafett. Det var mykje god springing også.

Best, sett med BFG-auge, gjorde kvinner senior-laget over fire etappar det. Dette laget vann stafetten for femte året på rad! Sigeren var på 22 sekund, framfor AKS-77, som var nye 22 sekund framfor BFG sitt 2. lag. Dei fire på vinnarlaget hadde alle beste etappetid på sine etappar: Vilde Lund Bjørnsen, Anne Skudal Dolvik, Pernille Thomassen og Monika Benserud.

No kan det innvendast at sigeren kom lettare på denne stafetten i år, fordi Gular stilte sterkare i nyvinninga i kvinner senior over seks etappar. Her stilte BFG med mange særs unge seniorar og tok ein 2. plass første gongen dette blei arrangert, altså. Her var det mykje vatn mellom dei tre båtane: Gular var 1 minutt og 11 sekund framfor BFG, som var - faktisk! - 1 minutt og 11 sekund framfor trear Osterøy. Både Elina Drivenes og Marianne Benserud hadde likevel beste etappetid på høvesvis 1. og 3. etappe på 6 etappars-laget.

Det var ikkje kvinner junior-lag denne gongen, nettopp fordi junior-jentene i staden befolka dei to seniorlaga - som enda opp på 1. og 3. plass på 4 etappars-stafetten.

Både juniorlaget for menn og seniorlaget tok 3. plass. Begge laga har teke ulike plasseringar dei siste åra, som tabellen nedanfor syner. Juniorlaget var 31 sekund bak vinnarane frå Gular, men knepne åtte sekund bak toarlaget Osterøy. Senior-ane var 13 sekund bak Gular sitt klasse B-lag, medan dei var eitt sekund bak toar Ask.


Ask-stafetten

2008
2009
2010
2011
2012
KJ
1
2
-
3
-
KS (4etp.)
1
1
1
1
1
KS (6etp.)




2
MJ
1
3
2
2
3
MS-B
2
3
4
1
3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar