lørdag 12. mai 2012

Eit kjempehopp i Kollen

Nei da, det gjeld ikkje hopp i hoppbakken. Det er jo mai og vår og halvvegs sommar, i alle fall i Oslo. Det gjeld rett og slett herrelaget til BFG Fana som har gjort sin desidert beste innsats i Holmenkollstafetten i "moderne tid", det vil seia etter at resultatlistene blei nettbasert i 2005. Beste plasseringa i denne perioden før i dag, det stod laget i fjor for, då det blei nr. 16.

I dag blei BFG-laget nr. 8! Det er strålande og ein ganske fantastisk framgang. Og framleis er altså dette laget eit temmeleg ungt lag - og med fleire sterke ungdommar framleis i emning rundt om i moderklubbane.

Her er den nære historikken, inkludert i dag, for menn:


MENN
2012
8. plass, Eliten
2011
16. plass, Eliten
2010
17. plass, Eliten
2009
19. plass, Elilten
2008
17. plass, Eliten
2007
3. plass, Menn senior (under Eliten)
2006
10. plass, Menn senior (unde Eliten)
2005
6. plass, Menn senior (under Eliten

Damelaget er endå yngre enn herrane, her er det ei røys med ungjenter og også her bankar fleire kvalitetsløparar på døra mellom dei som enno ikkje har nådd junioralder. Eit lite steg tilbake i dag var såleis ganske naturleg, med det vesle generasjonsskiftet som no er på gang. Likevel blei det ein flott 10. plass på jentene/kvinnene.

KVINNER:
2012
10. plass, Eliten
2011
7. plass, Eliten
2010
7. plass, Eliten
2009
6. plass, Eliten
2008
3. plass, Eliten
2007
6. plass, Eliten
2006
9. plass, Eliten
2005
11. plass, Eliten


Meir facts frå Holmenkollstafetten får ein koma tilbake til - det er kræsj på nettsidene til stafetten... (Men me såg då på Dagblad-tv mammo i heimen tapa duellen i veteranklassen på oppløpet...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar