fredag 25. mai 2012

Framo i fare

Det er streik. Frå tirsdag over pinse er det lagt opp til at streiken blir monaleg utvida. Då blir mellom anna idrettsanlegga i Bergen kommune tekne ut i streik - mellom dei Fana Stadion.

Det igjen inneber i utgangspunktet at dersom streiken varer til torsdag i neste veke, så blir det ikkje Framolekene i år.

Arrangøren, Norna-Salhus, vil søka om dispensasjon, men korleis ein slik søknad vil bli sett på, er temmeleg uklart i skrivande stund.

Framolekene er tidlegare blitt arrangert trass i streik, men Fana Stadion fekk då dispensasjon på grunn av eit endå større arrangement ikkje lenge etter; Europacupen for landslag.

Me får følgja med - om me har skuleungar som driv og ferierer for harde livet fleire veker for tidleg eller (også) om me er spente på om idrettsungdommane får vera med på eitt av dei store måla for sesongen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar