lørdag 19. mai 2012

Sølv for juniorjentene

Då er 4 x 100-jentene i gang med sin NM(UM)-føljetong på Jessheim. Først ute, i dag - lørdag, har junior (U20)-laget vore.

Laget vann forsøksheatet sitt ganske greitt, med 48,91, berre 11/100 bak lagets vinnartid frå i fjor (som også er identisk med klubbrekorden for U20 i BFG), men vinnarlaget i det andre heatet, Kristiansand, var tett på, med 49,00.

Og i finalen var det nettopp Kristiansand som blei for sterke: 48,61 mot 49,04 for BFG-laget. Sølvet var, på den andre sida, aldri truga. Det var nesten sekundet ned til Tyrving på bronseplass.

Dei fire sølvjentene var Elise Mikkelsen, Sara Berrefjord, Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar