fredag 18. mai 2012

Oppsamlingsheat

Då har endeleg dei offisielle resultatlistene frå stemna til Gular (15. mai) og Laksevåg (16. mai) nådd denne bloggen.

Det siste først: Då er ein altså i komen i gang med konkurransar og seriestemne på Nygårdsmyren. Stemnet den 16. mai var prega av hekkehopping og det var brørne Håvard og Sondre Rinde som representerte Gneist-fargane:

Sondre (G14) sprang 80 meter hekk (84) på 12,26, noko som gir 970 tyrvingpoeng og er klubbrekord. Den siste var det Kristian Haga som sette det året det var Melodi Grand Prix i Bergen (1986).

I tillegg blei det 30,18 på 200 meter hekk for Sondre (941 poeng).

Håvard (G11) sprang 200 meter hekk på 38,52. Det er den første tida med 68cm-hekkar på distansen eg har notert i mi tid som statistikkførar i Gneist, noko som i så fall inneber at tida (eventuelt inntil vidare) er gjeldande klubbrekord i årsklassen. (Aleksander Lie har betre tid med 76,2-hekkar.)

Dagen før, tirsdag 15. mai, var det Gular som skipa til løpsstemne på Fana Stadion. Her var det ein fin bukett gutar frå Gneist/BFG som sprang 800 og 1500 meter - og éi jente.

Ingrid Næss Johansen (J15) persa på 1500 meter til 5:06,63 (876 poeng).

Andreas Iden (G17) sprang sin beste 800 meter sidan persen, som er frå Världsungdomsspelen i Göteborg 3. juli 2010. Tida hans blei 2:04,86, 39/100 bak Göteborg-tida.

Anders Bjørndal (G17) held fram framgangen og persa til flotte 2:07,48 på 800 meter (820 poeng).

Aleksander Lie (G16) fekk (ute-)sesongbeste med 2:10,72 (807 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar