mandag 28. mai 2012

Monika på Lillestrøm

Monika Benserud (J16) var einsleg lokal svale under Romerikslekene på Lillestrøm/Skedsmo i helga. Meir presist var det lørdag at Monika var i elden i lengde og på 100 meter.

I lengde målte lengste svevet til Monika heile 5,60 - i 1,2 sekundmeter medvind. Ho hadde også ein fin serie på 5,47 og 5,42, så dette var solide saker. Bestehoppet til Monika i fjor var, til samanlikning, på 5,38. Og 5,60 er verdt 1027 tyrvingpoeng - og dermed er dette beste hopp-prestasjonen i Gneist i 2012.

Alt 5,38 frå i fjor er under senior-NM- kravet. Det same er prestasjonen til Monika på 100 meter: Ho blei nr. 2 i finalen på 12,68, etter å ha sprunge på 12,81 i forsøket. Finaleresultatet blei oppnådd med heile 2,8 sekundmeter motvind. Monika har 12,56 frå i fjor som pers.

Klubbrekordane i J16 i Gneist i desse øvingane er det venninnene Kjersti Ristesund (Bjørndal) og Gerd Lise Nybråt som har. Prestasjonane deira er gode, men ikkje avskrekkande for dei noverande toppane i klassen: 12,35 100 meter og 5,95 i lengde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar