fredag 18. mai 2012

Oppsamling - korrigert

Håvard Rinde sprang ein god 200m hekk på Nygårdsmyren 16. mai, men etter å ha lekt detektiv i vår nære historie, så er det likevel ikkje klubbrekord.

Aleksander Lie har stått med 36,23 på distansen i G11 frå 2007. Han har også stått med 76,2cm-hekkar i klubbrekord-oversikten. Det er det lite truleg at han hadde i sitt løp frå Fana Stadion 10. oktober 2007.

Difor, inntil nokon kjem triumferande med andre bevis i saka, så blir Aleksander sin G11-klubbrekord på 200 meter hekk med dette retta til å gjelda 68cm-hekkar. Tida på 36,23 blei elles oppnådd i 0,6 sekundmeter medvind.

Så då skulle me ha det...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar