lørdag 12. mai 2012

Etappetider og lagoppstillingar

Så tikka etappetidene frå Holmenkollstafetten også inn. Her er det mykje interessant å lesa, mellom anna at veteranen i heimen hadde betre generalprøve enn premiere... Men så stoppar det, for lagoppstillingane til BFG er av det kreative slaget: Her er mange namn på utøvarar som ikkje var med og her er mange som manglar av dei som var med. Og av dei som var med, så har dei fått til dels heilt andre etappar enn det dei verkeleg sprang. Silje Arnøy på 1. etappe står det å lesa, men ho som sprang likna då svært på Ingrid Næss Johansen. Og på herrelaget står det å lesa at Robert Hisdal avslutta, men Eivind Gamst er det uråd å ta feil av....

Det betyr at her må ein finlegga den verkelege etappefordelinga på tidene, før ein har studert dette til botnar. Men det som heilt trygt kan slåast fast er at både Aleksander Lie (4. beste etappetid), Andreas Iden, Jørgen Jensen Axelsen og Ole Martin Røssland frå Gneist-land sprang særs habile etappar denne gongen, samanlikna med dei fleste. Heller ikkje Anders Bjørndal gjorde seg bort på kort-etappen sin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar