lørdag 19. mai 2012

Noko å byggja på

BFG Fana har ikkje hatt tradisjon for å stilla lag på den lengste banestafett-distansen for kvinner. Det blir det ein brå slutt på. For frå og med i dag er ordninga innført at BFG også har lag på 4 x 800 meter.

Pioner-jentene tok ein sterk 4. plass i debuten. Tyrving sitt sterke lag vann, framfor Orion og Lillehammer. BFG kneip så 4. plassen, like framfor 2. laget til Tyrving.

Tida til dei fire BFG-jentene blei 10:01,00. (Klubbrekorden i U20 i BFG er så sterk som 9:33, noko som hadde gitt gull i dagens meisterskap, så heilt blotta for tradisjonar er då ikkje klubben...)

Og altså; det var fire førsteårsjuniorar som stilte for 15-19- laget: Målfrid Pettersen Lunde (Fana), Ingrid Næss Johansen (Gneist), Ingrid Helene Nyhus (Gneist) og Elina Drivenes (Fana).

Og no skal eg ikkje påstå at eg kjenner fødselsdatoane på absolutt alle som deltok på dei ulike laga, men eg gjer det nesten og i alle fall såpass at eg vågar slå fast at BFG-laget var det (klart) yngste på startstreken i dag.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar