torsdag 17. mai 2012

Fest på Jessheim

Gratulerer med dagen!

Fest i heile landet i dag, frå morgonprosesjonen til morgontreninga på Fana Stadion - fest på den framleis nye, flotte friidrettsstadionen på Jessheim heile helga.

Der skal det skipast til opningsfest, der viktigaste ingrediensen er banestafett-UM/NM.

Gneist har ikkje eigne lag i år (i fjor var det eit 4 x 600m- lag i G15/16 med i Drammen), men her er mange Gneist-utøvarar som pregar BFG sine lag.

Jenter 15-16, 4 x 100 meter
Her er BFG-laget eitt av åtte lag med og her er BFG tittelforsvarar. Årets lag er også svært sterkt. Mostandarane er frå BUL, Fredrikstad, Kristiansand, Ullensaker/Kisa, Tyrving (to lag) og Orion.

Kvinner, U20, 4 x 100 meter
Også her er BFG tittelforsvarar, med særs gode sjansar også i år. Til saman ti lag er med og kjempar, der dei andre er: Asker, Fredrikstad, Kristiansand, Ranheim, Sandnes, Ullensaker/Kisa, Urædd, Ren-Eng og Tyrving.

Kvinner, senior, 4 x 100 meter
Denne øvinga fullbrakte store-slemmen til BFG på den kortaste sprintdistansen for kvinner i 2011. Det er ingen grunn til å skru ned forventningane til desse laga, inkludert dette, i år. Sju andre lag stiller på startstreken: BUL, Kristiansand, Ranheim, Tjalve (to lag), Vidar og Ullensaker/Kisa.


Kvinner, U20, 4 x 800 meter
I denne klassen innleiar BFG ein ny tradisjon med stafett-deltaking. Her bør det vera eit solid grunnlag i mange år, både i juniorklassen, som dette, og seinare i seniorklassen. Heile 11 lag er påmeldt og det særs unge BFG-laget (berre 1. årsjuniorar) er i stand til å kjempa ganske høgt, om alle har ein god dag. Motstandarane er: Ullensaker/Kisa (to lag), Tjalve, Fredrikstad, Tyrving (to lag), Orion, Gular, Lillehammer og Raumnes & Årnes.

Menn, U20, 4 x 1500 meter
I denne øvinga tok BFG sin fjerde medalje i 2011, ved sidan av dei tre gulla til 4 x 100m- laga for kvinner, då det blei bronse. I år er to av utøvarane frå fjorårslaget blitt for gamle, men bytta ut med sterke erstattarar. Også her er så mange som ti lag med og kjempar og BFG bør på ny vera i ein god utfordrarposisjon: Ullensaker/Kisa (to lag), Tjalve (to lag), Tyrving, Tønsberg, Orion, Skjalg og Ås stiller i tillegg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar