søndag 20. mai 2012

Imponerande (I. bolken: løp)

Stafett-NM/UM blei avslutta på Jessheim søndag med tre nye BFG-medaljar: sølv på 4 x 100 meter i 15/16-klassen, med Målfrid Pettersen Lunde, Elina Drivenes, Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen på laget, bronse på 4 x 100 meter for kvinner senior, med Vilde Lund Bjørnsen, Monika Benserud, Anne Skudal Dolvik og Iren Vevatne Isaksen og bronse på 4 x 1500 meter for menn junior, med Jørgen Jensen Axelsen, Andreas Iden, Erlend Gjerdevik Sørtveit og Aleksander Lie.

Medaljefangsten var imponerande i seg sjølv (i tillegg til medaljane blei det altså ein 4. plass til 4 x 800 meter-laget for kvinner junior), det var også gode tider for både lag og på enkelt-etappar. (Til dømes hadde bronselaget for kvinner ei tid på 47,88, berre halvsekundet bak vinnartida til BFG i fjor - som også er lik med klubbrekorden).

Aller mest er det viktig å understreka at det så godt som over heile linja var unge lag som stilte på startstreken, at det er mange som vil kjempa om stafett-plassar ved dei neste korsvegane (til dømes i Sandnes i 2013) og at BFG-framtida er særs lys.

Dette kan understrekast med at 12-åringen Silje Stenersen i ettermiddag sneik seg under 2.30-grensa på 800 meter under AKS-leikane i Knarvik: 2:29,95 er den nye persen på. Det er berre litt over to sekund bak May Britt Torkildsen sin 32 år gamle klubbrekord (2:27,1), så dette var det sus over. Og rundetidene: 78 - 71...

BFG-framtida er altså særs lys.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar