mandag 28. mai 2012

Stafett-supplement

Fire temmeleg unge Gneist-gutar sprang 1000 meter stafett i Haugesund lørdag. "Temmeleg unge" kan ein kalla dei fordi dei sprang i 15/16-klassen, men eldstemann var 14 år og ti månader - Emil Engelsen Holm... Dei tre andre var Kristoffer Blücher (G13), Sondre Rinde (G14) og Henrik Irgens Gravdal (G14).

Tida til dei fire var likevel ikkje dårleg; 2:17,03. Her kan me forventa ganske sterke saker når dei faktisk kan konkurrera med rett alder i øvinga.

No er det ikkje heilt enkelt å plassera denne i statistikk- og rekordsamanheng: Vanlegvis blir eit lag med berre 15-åringar plassert i G15, sjølv om dei spring i G15/16 (som her), men her er det altså G13, G14, G14 og G15 i G15/16...

No ja, for å gjera det enkelt har eg halde meg til at laget sprang i G15/16, ganske enkelt fordi denne firarbanden sprang fortare enn laget som sprang 1000 meter stafett i UM i Fredrikstad i haust (tre 15- åringar og éin 16-åring var det som sprang då). Dei sprang då på 2:18,07.

Uansett plassering er det ny klubbrekord på Emil, Kristoffer, Sondre og Henrik, men sidan dei slo dei vaksnare ungdommane si tid, så blir rekorden plassert i G16.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar