onsdag 16. mai 2012

Knarvik spesial

Då har bloggaren vore utomskjers nokre døger og vore eit stykke frå friidrett både i teori og praksis. Men no er me sterkt tilbake. Det har skjedd ting i veka, har eg forstått, men eg ventar i skrivande stund enno på offisielle resultatlister og må koma tilbake til det.

Det skjer også ting komande helg: Banestafett-NM/UM på Jessheim er nok det største arrangementet. Det kjem eg tilbake til.

Noko mindre tilskiping er AKS-leikane på Knarvik. Det skjer ofte noko særeige når AKS skipar til friidrettstemne. Denne gongen noterer me interessante sprik mellom øvingsprogrammet som ligg på AKS-77 sine nettsider og det som ligg i online-påmeldinga. Mellom anna fortel øvingsprogrammet at det er 1500 meter for alle frå 15 år og oppover, medan 800 meter er lengste øvinga for alle i påmeldingssystemet. Me registrerer også at 14-åringane må halda seg til "innomhus-hekken" på 60 meter og ikkje den vanlege utomhus, på 80 meter.

Vel, vel, dei får no finna ut av det over 17. mai-helga. No er no påmeldingsfristen uansett ute og Gneist sine påmelde på Knarvik komande søndag er desse (10 år og eldre):

G11
Håvard Rinde (kule, lengde, 60 meter, 60 meter hekk)


G12
Gjert Høie Sjursen (60 meter, kule)

G14
Sondre Rinde (lengde, 60 meter, kule, 60 meter hekk)

G16
Amund Høie Sjursen (100 meter)

J12
Silje Stenersen (800 meter)


J15
Anna Serine Røssland (800 meter)

Her er altså ikkje mange påmelde, men dei vil nok - i god Gneist-ande - markera seg desse også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar