mandag 30. april 2012

Mildt sagt fantastisk...

Ja, det er fantastisk at Henrik Ingebrigtsen i nattas løp i Palo Alto, der borte i dei californiske varmare strok, sletta Lars Martin Kaupang sin 36 år gamle norgesrekord på 1500 meter.

3:36,39 er nær på nøyaktig sekundet raskare enn Kaupang si tid frå Bislett i 1976.

Men meir fantastisk er det nesten at tv2.no presterer å kalla Ingebrigtsen for ukjent, i dette oppslaget.

Ingebrigtsen er mykje, men han er ikkje ukjent. Saman med resten av familien frå Sandnes IL er han mellom dei aller mest kjente i friidrettsmiljøet i Norge. Å kalla han "ukjent" vitnar såleis mykje om den konkrete journalistens kunnskap, men det handlar nok også om friidrettens punkt-interesse i dei større media - knytt til nokre få, store arrangement.

Kombinert fører dette til den smått utrulege adjektiv-bruken om Henrik Ingebrigtsen som "ukjent"...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar