lørdag 5. mai 2012

Sterk 400 meter i Arkansas

Det er på sin amerikanske heimebane, i Fayetteville, Arkansas, at Martine Eikemo Borge gjer det for tida. Sist natt, norsk tid, sprang ho 400 meter og vann heatet sitt på 54,05. Det er ei forbetring frå fjorårstida til Martine på 18/100.

Ei forbetring av eigen klubbrekord i BFG Fana i JR-22 (22 år eller yngre) er det også. Klubbrekorden for seniorar er det Mona Karin Riisnes som har, på 53,88, så den må seiast å vera i fare.

54,05 er 15. best i landet gjennom alle tider for seniorar og 3. best i Hordaland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar