onsdag 9. mai 2012

Før Holmenkollen

Lørdag skal ei rekkje BFG-ungdommar i alle aldrar springa stafett i Oslo - Holmenkollstafetten. Det er 89 år sidan stafetten blei skipa til første gongen - og då var ikkje ein gong eldste superveteran fødd.

Det er fem BFG-lag på startstreken. Veteranar og superveteranar er faktisk mellom våre sterkaste kort, men dei får no ta seg ut. Her er det dei to elitelaga det gjeld:

Menn
Resultat-historikken på nettet fører oss tilbake til 2005: Faktisk var fjorårets 16. plass den beste plasseringa til BFG i "moderne tid" (altså frå og med 2005):


2011
16. plass, Eliten
2010
17. plass, Eliten
2009
19. plass, Eliten
2008
17. plass, Eliten
2007
3. plass, Menn senior (under Eliten)
2006
10. plass, Menn senior (unde Eliten)
2005
6. plass, Menn senior (under Eliten


2012-stafetten er femte året på rad at laget er i Elitedivisjonen. I 2009 blei det eigentleg nedrykk, men laget fekk likevel halda plassen. 

Årets lag er framleis ungt: 7 av dei 15 er 19 år eller yngre. 5 av 15 er Gneist-utøvarar: Jørgen Jensen AxelsenAndreas Iden, Ole Martin Røssland, Aleksander Lie og Anders Bjørndal.

Kvinner
Kvinnelaget til BFG har gjennomgåande hevda seg betre enn mennene sitt lag. Kvinnene har vore i Eliten i alle dei omtalte åra, frå 2005. Toppen blei nådd i 2008, då det blei 3. plass. Begge dei to siste åra har det blitt 7. plass:


2011
7. plass, Eliten
2010
7. plass, Eliten
2009
6. plass, Eliten
2008
3. plass, Eliten
2007
6. plass, Eliten
2006
9. plass, Eliten
2005
11. plass, Eliten

Korleis årets lag vil hevda seg, det gjenstår å sjå, men laget har uansett framtida framfor seg: Også her er 7 av 15 løparar tenåringar. Ikkje berre det; 5 av 15 er førsteårs-juniorar (15-årsklassen). Fire av utøvarane er frå Gneist: Ingrid Næss Johansen, Vilde Lund Bjørnsen, Monika Benserud og Anna Serine Røssland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar