mandag 28. mai 2012

Sommar i Haugesund (2. bolken)

Langtidsvarselet seier ti grader og regn litt uti juni. For dei som trudde at sommaren var her, så kan det vera at den var her - og reiste igjen. Me får nett sjå. 

Gneist-utøvarane likar all slags ver; eg hugsar rekordraset under Fanalekene i haustleg ver i september i fjor - og det blei altså rekordras også under fullt sommarver i Haugesund i helga.

Her er søndagsoversikten:

Pål Haugen Lillefosse (G11) er kalla multitalent, men framfor noko er det som spenstfenomen at Pål har framstått gjennom vinteren og våren - i stav og i høgde. Søndag blei det uhyre sterke 1,45 i høgde. Det gir for det første 1049 tyrvingpoeng, men det slettar også ein gammal klubbrekord: Den var delt mellom to: Torstein Onarheim hoppa 1,38 i 1985 (27 år sidan) og Sigve Stenersen gjorde det same som 11-åring i 1981 (31 år sidan), så det er nok rett å seia at Pål knuste rekorden! Han sprang elles uhyre jamt og kom i mål på 1:51,69 på 600 meter (826 poeng).

Sigve mista ein annan klubbrekord også søndag. Det skjedde då Henrik Irgens Gravdal (G14) gjorde eit nytt fantomløp, denne gongen på 1500 meter. 4:21,88 gir 1042 tyrvingpoeng og er tre tidelar betre enn Sigve si tid frå 1984 (4:22,1).

Kristoffer Blücher (G13) pynta på eigen klubbrekord på 200 meter, då han kom i mål på 25,66, det er to hundredelar betre enn sist (1028 poeng).

Renate Lie og Maren Haugen Lillefosse (J14) presterte solid på 200 meter: Renate fekk 27,15 (996 poeng) og Maren 27,43 (974 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J13) tangerte det strålande resultatet sitt frå innesesongen, då ho vann høgde på 1,50 (985 poeng).

Broder Stian Øvergaard Aarvik (G15) slo til med eit gnistrande 1500 meter-løp. Han kom i mål på tida 4:24,63 (967 poeng).

Sondre Rinde (G14) fekk seg ein ledig klubbrekord, då han sprang 100 meter hekk (91,4cm) på 15,72 i G15-klassen. 

Anders Bjørndal (G17) debuterte med bravur på 3000 meter. 9:40,30 gir heile 891 poeng - som er tyrvingpoeng-rekord for Anders.

To gode 1500 meter-løp blei det på J15-jentene: Ingrid Næss Johansen oppnådde 5:06,25 (878 poeng) og Anna Serine Røssland fekk 5:08,28 (866 poeng). Begge persa med om lag like mykje.

Anna Evensen (J12) sprang 200 meter på 30,52 (842 poeng).

Maren Risøen (J17) hadde 4,74 i lengde alt som 13-åring i 2008. Søndag blei det 4,73 i Haugesund (827 poeng).

Marianne Benserud (J17) kom i mål på 13,69 på 100 meter, som er 1/100 betre enn tidlegare (825 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar