mandag 7. mai 2012

Vind-vind- situasjon

Det blei ein del forfall frå dei påmelde Gneist-utøvarane til årets Hovdingleikane.

Dei som var der fekk oppleva vindfulle tilstandar. Det var i alle fall kaldt og særs skiftande i konfirmantland på Søreide; resultatlistene frå Leikvang tyder på noko av det same der.

Svært mange brukande sprintresultat blir underkjent i statistikken på grunn av for mykje vind. Innanfor det godkjende var til dømes Monika Benserud (J16) som fekk notert 26,24 på 200 meter (992 tyrvingpoeng).


Michelle Floor Heggeland (J13) hadde om lag same vindforholda på sin 60 meter, der ho sprang på 8,67 (927 poeng). I lengde blei det 4,21 under godkjende vindforhold (834 poeng) og på 200 meter blei det 29,44 på Michelle (864 poeng).

Endeleg sneik Håvard Rinde (G11) seg på rett side av vindgrensa (+1,9), då han sprang på 9,48 på 60 meter (816 poeng).

... Og det er meldt om godt med vind på Fana Stadion tirsdag kveld under Opningsstemnet også... (Berre det ikkje blir for kraftige haglbyger.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar