mandag 28. mai 2012

Sommar i Haugesund (1. bolken)

Ei fantastisk pinsehelg i Haugesund er over. Overveldande var veret og overveldande var resultata. Så overveldande var det at me må dela det heile opp, dag for dag, sjølv om eg sit her 2. pinsedag og har lete bloggen kvila seg gjennom pinsen - fram til no.

Her er rapport frå lørdag:

Henrik Rodal Irgens Gravdal (G14) sprang ein fantastisk 800 meter, der han - i G15 - blei klokka inn på 2:05,25. Det gir heile 1067 tyvingpoeng, er beste løpsprestasjonen for gutar i Gneist i år og er ny klubbrekord med to sekund (Andreas Iden hadde den gamle på 2:07,23 frå 2009). Henrik var heilt lik med olympiameisteren på distansen, Vebjørn Rodal, som 13-åring, no er han alt fleire tidelar framfor!

Motstykket på jentesida er Renate Lie. Ho passerte endeleg 1000 poengs-grensa på 800 meter, då ho vann eit godt J14-heat på 2:20,88 (1001 poeng).

Kristoffer Blücher (G13) herjar vidare. På 60 meter blei det 7,96 (1010 poeng). Eg minnar om Fredrik Nesslin sin 11 år gamle klubbrekord på 7,92. Klubbrekord blei det i staden på Kristoffer i lengde. Her blei det 5,10, som er 1 centimeter lengre enn Sondre Rinde hadde i fjorårssesongen (Kristoffer har endå lengre frå innesesongen). Hoppet gav elles 950 tyrvingpoeng.

Pål Haugen Lillefosse (G11) er midt inne i ein kanonsesong. Han fekk 8,77 på 60 meter (1008 poeng). Han sprang 10,4 på 60m hekk (980 poeng)

Anna Evensen (J12) er eit definitivt hekketalent. Og med manuelle 10,3 - i god motvind - blei det 1000 blanke tyrvingpoeng. På 60 meter blei det 8,90 (905 poeng).

Maren Haugen Lillefosse (J14) fekk til 9,6 på 60 meter hekk (981 poeng) og kom seg heilt ned til 8,41 i finalen på 60 meter (956 poeng).

Sondre Rinde (G14) fekk seg ein manuell klubbrekord (også) på 80 meter hekk, då han sprang på 11,6 (1035 poeng). Han sprang dessutan 7,98 på 60 meter (937 poeng).

Silje Stenersen (J12) persa solid på 600 meter, då ho vann på 1:46,90 (954 poeng).

Håvard Rinde (G11) oppnådde 11,2 på 60 meter hekk (860 poeng).

Aleksander Lie (G16) var deltakar i eit 800 meter-heat som sprang etter "Slapp reagge" i starten og dermed blei det aldri muleg med topptider. 2:07,88 er likevel sesongbeste (858 poeng).

Thomas Blücher (G12) sprang 60 meter på 9,04 (827 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar