torsdag 10. mai 2012

Kvalifiseringsstatus, UM, pr. 10. mai 2012

Aah, endeleg ein fin vårdag. Det er berre synd at det ikkje er konkurransedag i dag, men flotte forhold for trening er det i alle fall.

Det er framleis 18 Gneist-utøvarar som er kvalifiserte til haustens UM på Askøy. I tillegg reknar me inn minst eit par til på fri påmelding. Nytt sidan sist når det gjeld årets oversikt er Emil Engelsen Holm si kvalifisering også på 100 meter.

Her er heile oversikten:

G15
Emil Engelsen Holm (100m, 200m)

G16
Magnus Leikvoll (stav)
Aleksander Lie (800m, 300mh)
Håvard Våge Opheim (stav)
Amund Høie Sjursen (100m, lengde, tresteg)

G17
Andreas Iden (800m, 3000m)
Ole Martin Røssland (3000m)

G18/19
Jørgen Jensen Axelsen (3000m)

J15
Ingrid Næss Johansen (800m)
Anna Serine Røssland (800m)

J16
Monika Benserud (100m, 200m, 80mh, lengde, stav, tresteg)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, lengde)

J17
Marianne Benserud (200m, 100mh, høgde, stav, lengde)
Tina Therese Jenssen (stav)
Vilde Omholt (800m)
Maren Riøsen (lengde)

J18/19
Synne Våge Opheim (stav, tresteg)
Anne Marte Aldal Sætre (stav)

I tillegg reknar me innanfor øvingar med fri påmelding altså med Ingrid Helene Nyhus (J15) og Stian Norheim (G16) mellom dei som er klare for Ravnanger-UM i august/september.

* * *

Så er det interessant også å følgja med på kvalifiseringa til UM på Lillehammer i 2013. Årets resultat er teljande som kvalifiseringsgrunnlag for neste år. Det er alt no 13 utøvarar som er kvalifiserte - og her er det framleis fleire av den sterke 1998-generasjonen som kjem til å melda seg på, i tillegg til dei meir garva ungdommane. Her er Vilde Lund Bjørnsen (J17 i 2013) og Sondre Rinde (G15 i 2013) dei nyaste tilskota mellom dei kvalifiserte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar