onsdag 9. mai 2012

Sportsklubben 909

Det blei sprunge overraskande godt av mange under Gneist sitt opningsstemne på Fana Stadion tirsdagskvelden. Overraskande var det fordi veret var i suraste laget; kaldt, regntungt og innimellom litt i meste laget med vind.

Monika Benserud (J16) sprang 100 meter på 12,87 (980 poeng).

Renate Lie (J14) sprang ein framifrå 800 meter. Tida blei 2:22,53, noko som gir 977 tyrvingpoeng.


Emil Engelsen Holm (G15) følgjer opp kanonformen frå innesesongen: På 200 meter kom han seg heilt ned på 24,57, som gir 951 poeng. Tida er nærmare 8/10 under UM-kravet på distansen. 100 meter blei det 12,31, som gir 938 poeng og som også er under UM-kravet på 100 meter.

Andreas Iden (G17) sprang inn til 4:16,31 på 1500 meter (927 poeng).

Jørgen Jensen Axelsen (G19) fekk tida 4:12,45 på 1500 meter (912 poeng).

Så klarte tre løparar i ulike aldersklassar det kunststykket å springa 1500 meter til same poengverdi same kvelden: 909 poeng. Det var Stian Øvergaard Aarvik (G15), som sprang på 4:32,90, Aleksander Lie (G16), som kom i mål på 4:24,88 og det var Ole Martin Røssland (G17), som enda på 4:18,93.


Maren Haugen Lillefosse (J14) kom seg no også under UM-kravet på 100 meter i J15. Ho fekk 13,61 (918 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J13) sprang 100 meter på 14,07 (892 poeng).

Marianne Benserud (J17) sprang 100 meter på 13,70 (824 poeng).

Anders Bjørndal (G17) oppnådde 4:32,88 på 1500 meter (811 poeng).

Så var det ein god bukett løparar som sprang gode løp på distansar som ikkje gir tyrvingpoeng. Det galdt til dømes både 100 meter og 800 meter, men eg vel no - heilt inhabilt - dei tre J15-jentene som sprang 3000 meter som representant for dei som sprang "ukurante" øvingar: Ingrid Helene Nyhus kom i mål på framifrå 10:46,03, Ingrid Næss Johansen (med 10:54 frå i fjor) fekk 11:12,83 denne gongen og Anna Serine Røssland debuterte på 11:30,51. (Tidene er verdt høvesvis 951, 889 og 849 poeng for 16-åringar.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar