mandag 21. mai 2012

AKS oppsummert

Sommaren er komen og for oss kom den til Knarvik først, for det var der me var på friidrettstur då varmen verkeleg kom. Og me presterte å bli solbrente på den smålåtne tribunen på Knarvik stadion.

AKS-leikane og Hovdingleikane er kvar for seg små stemne, som går over éin dag kvar. Likevel har dei lagt beslag på kvar sine helger. Dette må det vera ein god idé å sjå nøgnare på for dei som styrer med terminlistene.

Og attpå til måtte AKS-leikane konkurrera med Åsaneløp og mykje anna.

Så her var ikkje all verda med deltakarar, særleg ikkje mellom dei eldste.

Amund Høie Sjursen (G16) stod for, på eit vis, beste Gneist-prestasjonen mellom gutane søndag, då han sprang 100 meter heilt ned på 11,54 - godt under pers, men det var nokre vindblaff, spesielt tidleg under stemnet, og Amund blei offer for eit slikt - på 4,4 sekundmeter i pluss.

Gjert Høie Sjursen (G12) betra seg ytterlegare i kule, denne gongen til 10,33 (941 tyrvingpoeng).

Sondre Rinde (G14) sprang inn på 8,07 på 60 meter, som er sesongbeste under godkjende vindforhold (913 poeng).

Sesongbeste blei det også på broder Håvard i lengde. Han hoppa 3,64m (818 poeng).

Og så er alt Silje Stenersen (J12) sin 800 meter alt nemnt, på 2:29,95. Denne gir ingen tyrvingpoeng, sidan 800 meter først blir offisiell øving for Silje som 14-åring - forstå det den som kan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar