fredag 7. juni 2013

Welcome home

Resultatlistene frå KM på Fana Stadion kjem vel etter kvart. Dette er eit dugnadsprosjekt, der det let til å fungera slik nokolunde i alle fall første kvelden, fredag. Kretsdugnaden held fram lørdag og søndag.

Me me fekk i alle fall to "highlights" i BFG Bergen på den avsluttande 1500 meteren:

- Ny pers på Jørgen Austvik, som nærmar seg veldig å bli den første i klubben i "moderne tid" som går under den magiske 4 blank-grensa. Den nye persen til Jørgen - som også fekk seg KM-bronse - er på 4:00,93.

- Anders Bjørndal har vendt tilbake til gamleland og gamleklubb etter nesten eitt års eksil i Minnesota. Og Anders beviste fredagskvelden at han ikkje har lege på latsida. Det blei pers med nesten ni sekund på 1500 meter. Ikkje nok med det: Tida 4:14,94 inneber også at Anders sprang fem hundredelar betre enn kravet til junior-NM i Overhalla (og for så vidt i Fredrikstad i 2014).

Det var aller første gongen Anders kvalifiserte seg til eit junior-NM. Med det har BFG nådd 26 kvalifiserte så langt i år. Og det er også full likestilling i klubben: 13 jenter og 13 gutar er kvalifiserte til meisterskapet i Nord-Trøndelag tidleg i august.

Full oversikt finst her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar