søndag 2. juni 2013

Framo dag 3 - mange nye framgangar

Skoddeyret låg over Fana Stadion lørdagen, men det hindra ikkje ei rekkje sterke prestasjonar:

Heller ikkje denne dagen var det muleg å koma utanom Kristoffer Blücher (G14). Sju hundredelar betra han sin alt sterke 60 meter-pers (og klubbrekord) med. Ny bestetid: 7,53 (1059 poeng).

Men langt framme over lørdagens prestasjonar kjem i høg grad Anna Evensen (J13) sitt 60 meter hekkeløp. Ho kom i mål  på 9,85 (1047 poeng), som er eitt hundredel betre enn Maren Haugen Lillefosse sin gamle klubbrekord, frå 2011.

Eit nytt solid sprintløp stod Renate Lie (J15) for, då ho vann 60-meteren med 8,11 (1010 poeng).

I same løpet blei det 8,22 (981 poeng) og sesongbeste på Maren Haugen Lillefosse (J15).

Monika Benserud (J17) stadfesta sin klubbrekord på 60 meter med sitt løp på 7,98 (1005 poeng) - same tida som ho også hadde på distansen innomhus i vinter.

Pål Haugen Lillefosse (G12) sprang 60-meteren på 8,50 (973 poeng).

Eirik Leikvoll (G15) svinga seg over sterke 1,75 i høgde (965 poeng).

Sondre Rinde (G15) sprang på utesesong-beste på 60 meter, med tida 7,69 (962 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) har vore mest kjent som kastar dei siste åra, men no har han også sterk framgang i sprint og hopp. Der har han som kjent noko å slekta på. Spesielt i lengde blei det ein pangdag på Gjert lørdag: 5,15 fekk han opp i 4. omgangen (960 poeng). På 60 meter sprang Gjert så fort som 8,36 (902 poeng). Litt kast blei det no også på Gjert: Med 30,36 (867 poeng) tok han seg av den ledige klubbrekorden i slegge (3kg/110cm).

Thomas Blücher (G13) skal me passa på, der han kjem snikande bakifrå, ut av skuggen frå sin eitt år eldre bror og på noko lengre distansar enn broderen også. På 1500-meteren lørdag blei det såpass god tid som 4:45,65 på Thomas (946 poeng).

Herman Ellingsen (G11) er i vinden og presterte fleire fine konkurransar lørdag: Han sprang på 9,87 på 60 meter hekk (926 poeng) og på 60 meter sprang han på 9,09 (921 poeng). I lengde hoppa Herman 4,18 (926 poeng).

Eg har sagt det før - og eg seier det igjen: Jens Larsen Åstveit (G16) ser ut til å garantera pers for kvart einaste løp han spring dette året. Lørdag blei det ny pers igjen, denne gongen med 4:22,58 på 1500 meter (925 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J14) er i gang igjen og sprang 60-meteren på 8,56 (916 poeng).

André Seliussen (G12) ventar framleis på fullklaff på 1500 meter, men det blei då uteforbetring til 5:06,52 (912 poeng).

Eline Myking (J16) pynta på persen frå innesesongen då ho vann 1500-meteren på 4:56,53 (912 poeng).

Magnus Leikvoll (G17) følgde opp broder Eirik i høgde og kom seg over 1,80 (909 poeng).

Solid sesongbeste og fin pers blei det på Ingrid Næss Johansen (J16) på 1500 meter. Tida blei 4:57,25 (908 poeng).

Pernille Michelsen (J10) sprang på 12,13 på 60 meter hekk (899 poeng) og på 9,73 på 60 meter (870 poeng). I lengde blei det 3,44 på Pernille (861 poeng).

Thyra Hevrøy (J16) og Anna Serine Røssland (J16) kompletterte jenter 16-kvartetten som både kom seg under 5 blank og persa i same 1500 meter-løp lørdag. Thyra fekk 4:59,52 og Anna Serine 4:59,60 (begge løp verdt 894 poeng).

Stian Norheim (G17) sprang eit nytt solid løp og viser at formen er på god veg. Tida på 1500 meter blei 4:24,00 (874 poeng).

Emma A. Voldsund (J10) hoppa 3,47 i lengde (867 poeng).

Espen Bjørndal (G13) fekk til eit hopp på 4,62 i lengde (854 poeng).

Kristian Schjønningsen (G14) sprang på 13,20 på 80 meter hekk (839 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J14) sprang endå sterkare innandørs, men sesongbeste blei det i alle fall på 60 meter med 8,85 (838 poeng).

Gina Milde (J15) sprang sin 60 meter på 8,75 (838 poeng).

Jenny Rajkumar (J11) hoppa 3,46 i lengde (813 poeng).

Charlotte Harris (J13) sprang 60-meteren på 9,12 (805 poeng). I tillegg blei det sesongbeste i lengde på 4,06 (802 poeng).

**

Så manglar eg vindmålingar på ei rekkje hekkeøvingar. Satsar på at dei dukkar opp etter kvart - slik tilfelle har vore i dei andre øvingane eg har etterlyst tidlegare under Framo.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar