mandag 3. juni 2013

Framo dag 4: Sterke toppar

Siste dag av Framolekene blei noko våt, sjølv om det ikkje blei noko styrtregn. I staden kjempa sola innbitt om å få overtaket og klarte det, nett i tide til avslutningsøvingane. Alt i alt har veret og forholdet under Framolekene igjen vore over middels.

Og resultata har vore langt over middels.

Prestasjonen over alle prestasjonar stod utvilsamt Kristoffer Blücher (G14) for, då han sprang 400 meter på 52,44. Det er norsk aldersrekord med over sekundet! Poengsummen etter tyvingtabellen er smått utrulege 1162... Litt symbolsk for omtalen av Kristoffer: Hans sterke 100 meter på 12,08 (betring av ein klubbrekord med to tidelar...) (1045 poeng) kjem rett og slett i bakgrunnen her.

Amund Høie Sjursen (G17) presterte ein fenomenal lengdeserie. Han hadde 6,52 som årsbeste og 6,71 som pers frå før. Søndag hadde han seks hopp over 6,90! Og bestehoppet sneik seg heldigvis like over 7-meteren: 7,02. Det gir 1084 poeng. Og då snakkar me også rekordar: Rettnok er det framleis fire fattige centimeter opp til U23-rekorden i BFG, men klubbrekorden i Gneist i G17 blei sletta med ein halvmeter. Og den var gammal, sett av Carl Trygve Standsberg i 1968... Det skulle bli 45 år det!

Henrik Irgens Gravdal (G15) fekk sure 9:00,00 på Torvastad nyleg. Søndag blei det 8:56,92 på 3000 meter for fenomenet. Tida er 7. beste i landet for 15-åringar gjennom alle tider og godt og vel fire sekund raskare enn det Henrik Ingebrigtsen hadde på distansen på same alder. (Det er drøye sju sekund fram til kretsaldersrekorden til Thomas Solberg Eide.)

Renate Lie (J15) slo skikkeleg til då ho først kom seg under minuttet på 400 meter. Tida hennar blei solide 58,75 (1047 poeng).

Stian Øvergaard Aarvik (G16) var heilt nede på 8:55 inne på 3000 meter, men søndag blei det i alle fall så vidt det var utepers med 9:00,89 (tre hundredelar) - 1030 tyrvingpoeng.

Monika Benserud (J17) sprang fortare enn på lenge då ho fekk til 12,51 på 100-meteren (1014 poeng). Ho hoppa også lengde. Der blei det 5,29 (945 poeng).

Maren Haugen Lillefosse (J15) sprang ein solid 100 meter, på 12,84 (1009 poeng). Ho hoppa også 4,93 i lengde (909 poeng).

Sondre Rinde (G15) betra seg på 100 meter til flotte 12,06 (982 poeng), og han hoppa 5,87 i lengde (944 poeng).

Ole Martin Røssland (G18) fekk sesongbeste på 3000 meter med 9:00,22 (972 poeng).

Emil Engelsen Holm (G16) sprang 100 meter på 11,96 (955 poeng).

Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19) sprang sin beste 3000 meter og kom seg under 9 blank-grensa. Tida blei 8:59,42 (955 poeng).

Ingrid Næss Johansen (J16) sletta 3000-persen sin frå inne-NM i Haugesund med fem sekund, då ho kom i mål på 10:49,17 (944 poeng).

Me noterer oss at det gror bra også mellom dei yngste poengplukkarane: Emma A. Voldsund (J10) sprang 40 meter på 6,80 (930 poeng) og hoppa 1,10 i høgde (910 poeng).

Silje Stenersen (J13) klarte akkurat å persa på 600 meter. Tida blei 1:45,04 (927 poeng).

Anna Evensen (J13) fekk tida 13,94 på 100 meter (913 poeng).

Stian Norheim (G17) er på gang og fekk ny pers på 3000 meter med 9:33,78 (908 poeng).

Sanne Myrmel (J14) svinga seg over 1,45 i høgde (902 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) støtte kula 11,88m (902 poeng). I tillegg blei det 13,48 på 100 meter på vår "nye" sprintar (884  poeng).

Tobias Allers-Hansen (G10) hoppa 1,10 i høgde (895 poeng).

Så fekk me eit positivt løp frå Aleksander Lie (G17) på 400 meter. Tida blei 54,29 (888 poeng). Her er det meir å gå på med betre disponering av kreftene neste gong.

Verdfulle kastpoeng blei det på Katrine Holm Gjeraker (J10). Ho fekk til 5,20 i kule (884 poeng).

Pernille Michelsen (J10) sprang 40 meter på 6,99 (863 poeng).

Mathias Algrøy (G11) sprang sin 40 meter på 6,81 (856 poeng).

Charlotte Harris (J13) støtte 8,84 i kule (848 poeng).

Ingeborg Strandenes (J10) hoppa akkurat 1 meter i høgde (835 poeng).

Marianne Benserud (J18) sprang 100-meteren sin på 13,58 (827 poeng).

Gina Milde (J15) sprang på 14,00 på sin 100 meter (824 poeng).

Herman Hovland (G14) sprang sin 100 meter på 13,40 (821 poeng).

Kristian Schjønningsen (G14) betra seg aldri så lite på 600 meter, til 1:37,88 (821 poeng).


...
Og heilt til slutt: Bjarte Eikanger sin 3000 meter på 8:58,75 var imponerande. Ungdommen på snart 41 år jagar no tidene sine frå nokre år tilbake og er meir enn god nok pes for dei endå yngre ungdommane i BFG!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar