torsdag 20. juni 2013

Eline på tur - Veidekke dag 1

Det blei ein mjuk start på årets Veidekkelekene sett med Gneist-auge. Hovudkontingenten reiser bortover når det blir skikkeleg helg. Slik sett har Veidekkelekene alltid vore eit underleg arrangement: Det startar torsdagen, medan ei heil rekkje skular først tar sommarferie fredag ettermiddag. Den gongen me sjølve (vel, berre indirekte når det gjeld underteikna) deltok på Veidekkelekene, så tok me ungane ut av skulen ei veke før tida og reiste på sommarferie til Oppland, rett og slett.

Vel, vel, Eline Myking (J16) tok i alle fall turen til første dag for å springa 1500 meter (så vidt eg veit er det også det einaste Eline gjer av idrett på Lillehammer denne gongen - i september er det UM der, så då er ho på plass igjen). Det gjorde ho på overbevisande måte. Eline vann 1500-meteren på 4:53,44 (931 poeng), som er nest-beste tida i J16 i landet så langt i år. Ho styrka også stillinga si som beste kvinnelege løpar på 1500 meter i BFG denne utesesongen.

1500 meter er rett og slett Eline sin distanse: Det starta på mange måtar med medaljen under inne-UM i Sandnes i 2012, ein medalje som blei følgt opp med gull i tilsvarande meisterskap i Steinkjer i år.

Neste store 1500-mål for Eline er vel finale i junior-NM i Overhalla i førstninga av august, vil eg tru.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar