søndag 9. juni 2013

KM dag 3 - Nesten til Ukraina!

Amund Høie Sjursen (G17) opplevde under KMs siste dag søndag å få sjå 10-talet på 100 meter for første gong. Tida blei så god som 10,84! Men dessverre var medvinden så sterk som +3,1. 10,84 er fem hundredelar under kravet til U18-VM, som i år går i Ukraina midt i juli. Det blir spennande å følgja Amund sine forsøk på dette kravet på Nadderud og Stampesletta.

Sondre Rinde (G15) sprang eit nytt glitrande 100 meter hekk-løp og flytta persen ned med eitt tidel til 14,70 (1033 poeng). På 400-meteren gjekk det noko tråare. Her blei tida 59,30 (800 poeng).

Renate Lie (J15) flytta 100 meter-persen sin ned til 12,84 (1009 poeng). Og dermed er ho ei av tre jenter i BFG med 12,84 i år (Maren Haugen Lillefosse og Elise Una Mikkelsen er dei to andre - Elise rettnok med litt for mykje medvind i sitt løp.)

Vilde Lund Bjørnsen (J17) sprang på 12,71 på 100 meter, men her var det litt for mykje medvind (+2,2).

Henrik Irgens Gravdal (G15) sprang ein for han uvant 400 meter. Det enda med kjempepers og 54,97 (973 poeng).

Magnus Leikvoll (G17) slo til med 1,83 i høgde (930 poeng). Og med det blei han nr. 27 på lista over BFG-utøvarar som er kvalifserte til junior-NM i Overhalla i august!

Henrik Almenningen (G16) hoppa godt i tresteg: Han landa på 12,56 (926 poeng).

Elina Drivenes (J16) sprang på 13,48 på sin 100 meter (883 poeng).

Stadig nye på lista til meisterskapa: Vegard Albrigtsen (G15) sprang greitt under UM-kravet på 2000 meter i debutløpet på distansen. Tida hans blei 6:35,50 (862 poeng).

Linn Seliussen (J15) flytta 2000 meter-persen sin frå innesesongen ned nokre sekund, til 7:24,36 (846 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar