lørdag 15. juni 2013

Tyrvinglekene dag 1

Kva var det eg skulle sagt? Jo da, sola skin enno i hovudstaden og omland (Bærum). Rykta vil ha det til at ho skal slutta med det når me kjem til Tyrvinglekenes siste dag, søndag. Men no, medan det enno er lørdag, er det ut under den blå himmelen og nyta finaveret - litt i hovudstaden og litt på Nadderud Stadion.

Fredagskvelden markerte Gneist/BFG seg sterkt. Speaker Jo Nesse heldt fram med lovprisinga si av løpsmiljøet i klubben-(ane). Han beviser at han har solid oversikt.

Aller sterkaste prestasjonen stod Henrik Irgens Gravdal (G15) for, med 5:44,62 på 2000 meter (1091 poeng). Det er ny klubbrekord både i G15 i Gneist og i BFG Bergen (senior). Den gamle i Gneist hadde Andreas Iden frå 2010 på 5:50,50, medan Jørgen Jensen Axelsen hadde den gamle i BFG (5.48). Tida er 3.  best i Hordaland gjennom alle tider og 9. best i landet. Enno er det store løp på distansen i sesongen for Henrik og det er kort veg opp til kretsaldersrekorden.

Sondre Rinde (G15) pynta på persen på 300 meter hekk til 41,80 (1055 poeng).

Kristoffer Blücher (G14) tangerte persen (og klubbrekorden) på 200 meter - 24,23 (1048 poeng) - og denne gongen med ein sekundmeter i motvind. På 600 meter fekk me ein ny duell mellom Kristoffer og G13-løparen, Jakob Ingebrigtsen - veslebroren til han de veit, der Kristoffer viste seg å vera sterkast (igjen) og vann på ny pers, 1:29,70 (1033 poeng).

Anna Serine Røssland (J16) vann 3000 meter og betra samtidig sin pers på distansen til 10:37,76 (970 poeng).

Linn Seliussen (J15) gjennomførte eit svært godt 2000 meter-løp. Ho persa med over 12 sekund og kom i mål på 7:11,98 (896 poeng).

Thyra Hevrøy (J16) oppnådde sesongbeste på sin 3000 meter med 11:16,50 (881 poeng). Dessverre var marginane imot Thyra fredag: tida var sju hundredelar bak persen frå 2012 og sekundet bak bronsen på Nadderud.

Sidan eg framleis manglar vindmåling på Nora Øvergaard Aarvik (J14) sitt 200 meter-løp på 28,80 under KM sist helg, så blir 29,24 (833 poeng) - i solid motvind - på Nadderud fredag sesongbeste av godkjente løp så langt for Nora på distansen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar