mandag 17. juni 2013

Tyrvinglekene dag 3

Sjølv om lagkonkurransen under Tyrvinglekene på hemmeleg vis blei lagt på is dette året, så står Gneist igjen som heilt uoffisell vinnar i år som i fjor. Det blei ei paradering av sterke utøvarar frå fredag ettermiddag til søndag kveld - i absolutt brukande ver, sjølv om vinden bles i sterkaste laget, ikkje minst siste dag, søndag.

Medan leikane blei innleia med solide langløp frå Gneist-utøvarane fredag, så var det Renate Lie (J15) som avrunda på glitrande måte då ho vann 400 meter i jenter 17 (!) med 57,77 søndag kveld. Løpet er verdt 1084 poeng, det er den sterkaste løpsprestasjonen i Gneist i 2013 mellom jentene og det er berre fire hundredelar bak Vilde Lund Bjørnsen sin to år gamle klubbrekord på distansen.

Silje Stenersen (J13) varma opp hin dagen med 500 meter terrengløp til helgas store mål for hennar del, nemleg 1500 meteren. Det blei 2. plass på 4:54,33, ei pynting på persen (og klubbrekorden) for Silje med 33 hundredelar.

Sondre Rinde (G15) presterte ein ny solid tresteg-serie i varierande vind. Han var heilt oppe i 13,04m med 2,4 sekundmeter medvind. Godkjent fekk Sondre 12,86 (1006 poeng) og dermed sletta han endeleg Lars Jørgen Ytrehus sin 34 år gamle klubbrekord med ein einsleg centimeter.

André Seliussen (G12) leverte eit solid 1500 meter-løp og sneik seg godt under 5 blank-grensa - til 4:58,94 (965 poeng).

Kristoffer Blücher (G14) vann 80 meter hekk greitt. Tida blei 12,47 (941 poeng). I tresteg blei det 11,23 på Kristoffer (923 poeng).

Anders Bjørndal (G18) sprang sin 400 meter på 54,20 (872 poeng). Det betyr at Anders er best i BFG-samanheng på 400 meter så langt i 2013.

Og, endeleg, Håvard Rinde (G12) støtte kula 8,79m (834 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar