mandag 3. juni 2013

Oppsamlingsheat (med godkjent vind)

Me må ikkje la noko liggja og slenga i statistikkstova:

Då resultatlistene først blei lagt ut frå Framolekene var det ein del øvingar som mangla vind. Resultatlistene er så blitt reviderte og oppdaterte, men utan at eg og andre har fått meldingar om det - her må må sjekka og sjekka sjølve.

Men rett skal vera rett: Nokre Gneist-utøvarar sprang korthekk lørdag på gode vis, utan å ha fått den omtalen dei fortener - berre fordi vindmålinga mangla i første versjon.

Alle løp hadde godkjent vind. Dette er viktig: Det skal vera godkjent vindmåling for at resultata skal telja med for statistikkformål, også for dei yngste.

Men, til saka:

Håvard Rinde (G12) sprang eit glitrande hekkeløp over 60 meter lørdag. Tida hans blei 10,22 (+1,1). Då manglar Håvard skarve 4 poeng på dei magiske 1000...

Pernille Michelsen (J10) kom i mål på 12,13 (-0,5) på sin 60 meter hekk (899 poeng).

Sanne Myrmel (J14) hadde littegrann betre tid inne i vinter, men ny utepers på 60 meter hekk for henne er på 10,79 (-0,4) - 792 poeng.

Då skulle me ha det!

(Feil og manglar finst det sikkert enno her og der - og då er det viktig at dei interesserte, engasjerte og kunnskapsrike lesarane gir tilbakemelding!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar