Takk også til Jon og Andreas for joggeturen i Sävedalen - det var gildt!
Og sportsleg - her er er allra sista frå Nya Ullevi dette året:
Onsdag sette Kristoffer Blücher (G14) norsk aldersrekord på 300 meter på Fana Stadion. Søndag knuste han sin eigen ferske rekord, då han sprang på 37,23 (1166 - ! - poeng). Tida er 1,12 sekund betre enn onsdagsløpet på Fana Stadion. Kristoffer gillar verkligen Ullevi!
Også Renate Lie (J15) opplevde å kryssa 1100-poengsgrensa i Tyrvingtabellen, då ho tok 3. plassen på sin 300 meter. Poengsummen blei nemleg 1101 og tida 40,47. Det er berre Vilde Lund Bjørnsen som har sprunge fortare for 15-åringar i Gneist og berre ytterlegare to i landet gjennom tidene.
Pål Haugen Lillefosse (G12) har alt sletta Kristoffer Blücher sin klubberkord i G12 på 200 meter. No driv han og senkar den ytterlegare: Søndag blei tida så god som 26,78 i optimale vindforhold (+1,8) (1069 poeng).
Håvard Rinde (G12) hoppa 4,48 i lengde (906 poeng).
Og broder Sondre Rinde (G15) sprang to gode løp på 100 meter hekk, til slutt kom han heilt ned på 13,88 i finalen. Men i Sverige er hekkehøgda på 100 meter for 15-åringar berre 84 centimeter, sju centimeter lågare enn det ein nyttar i Norge. Uansett var det solide prestasjonar av Sondre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar