lørdag 15. juni 2013

Donald Duck

Dette året er det eit slags integrert samarbeid mellom Donald Duck i Oslo (Bislett) og heldige fetter Anton (Tyrving, Nadderud), der dei yngste mest - men ikkje berre - konkurrerer på Bislett og dei frå 14 år og oppover held seg ved Bekkestua.

Donald Duck Games sin hovuddag dette året var fredagen her i Oslo. Og det var 12-åringen Pål Haugen Lillefosse og 13-åringen Anna Evensen som presterte sterkast for Gneist.

Pål har rett under 10 blank på 60 meter hekk frå innesesongen. Fredag presterte han 10,02 utandørs på distansen, i 1,3 sekundmeter motvind. Løpet er verdt 1036 tyrvingpoeng og var to tidelar under Sondre Rinde sin tre år gamle klubbrekord i G12. (Og det fortalde at Pål er i kanon hekkeform i helga, men meir om det følgjer frå Tyrving-rapport dag 2!)

Anna Evensen vann lengde i J13 på 4,76, men det hoppet hadde heile 4,0 i medvind. Anna hoppa 4,67 (930 poeng) med godkjent vind. På 60 meter hekk sprang Anna på glitrande 9,73, men i skrivande stund manglar det vind på resultatlistene, så her får me koma tilbake med meir omtale når dei har funne vinden igjen også i nærleiken av Bislettt.

For både her i Oslo vest og ute på Nadderud er det no i rikelegaste laget med vind innimellom i dag, så her er no sorten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar