lørdag 8. juni 2013

KM dag 2 - Og så var dei to

Dag 2 under KM var mellomdagen - og heile KM framstår som eit aldri så lite mellomspel - mellom Framolekene sist helg og Tyrvinglekene neste helg for svært mange. Det er mange øvingar der det er lett å plukka seg KM-medaljar (få deltakarar) og her finst ein god del "DNS-ar", altså utøvarar som har meldt seg på, men har kome på andre tankar. Og, sjølv om forholda har vore brukbare, er her ikkje veldig mange persar eller sesongbeste.

Men her er jo alltid unntak, naturlegvis.

Renate Lie (J15) kvalifiserte seg til senior-NM gjennom sitt 400 meter-løp under Framolekene sist helg. I dag var ho eitt hundredel ifrå å gå under kravet også på 200 meter. Tida til Renate blei sterke 26,11 (1030 poeng). Berre USA-farar Martine Eikemo Borge har betre 200 meter-tid enn Renate i BFG så langt i utesesongen.

Eitt av kjernemåla for BFG Bergen i 2013-sesongen på bane har vore å få minst tre utøvarar for menn under 2 blank på 800 meter. Med eit nytt kanonløp av Anders Bjørndal (G18) lørdag, så er dei no to: Anders og Henrik Irgens Gravdal. Og fleire nærmar seg. Tida til Anders blei 1:59,92 (920 poeng).

Elina Drivenes (J16) sesongdebuterte på 200 meter med 27,46 (897 poeng).

Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19) er ein annan som sakte, men sikkert nærmar seg 2 blank grensa på 800 meter. Tida hans blei denne gongen 2:01,11 (872 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J14) sprang sin 60 meter på 8,79 (854 poeng).

Kristian Schjønningsen (G14) hoppa 4,91 i lengde (832 poeng).

Charlotte Harris (J13) hoppa 4,16 i lengde (823 poeng).

Henrik Almenningen (G16) sesongbetra seg i lengde til 5,47 (814 poeng).

Sesongbeste - og KM-gull - blei det også på Aleksander Lie (G17) på 800 meter med tida 2:07,98 (811 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar